Santos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Santos er ein hamneby og kommune i delstaten São Paulo i søraustregionen av Brasil.[2] Byen ligg delvis på øya São Vicente og delvis på fastlandet. Han er hovudbyen i storbyregionen Baixada Santista.[3] Folketalet er 433 656 (est. 2020), på eit areal som dekkjer 280,67 km².[4]
Kjappe fakta Land, Stat ...
Santos | |||
by | |||
|
|||
Land | Brasil | ||
---|---|---|---|
Stat | São Paulo | ||
Areal | 280,300 km² | ||
Folketal | 418 608 (2022)[1] | ||
Santos 23.9335988°S 46.3286399°W / -23.9335988; -46.3286399 | |||
Wikimedia Commons: Santos | |||
Lukk
Santos blei skipa i 1546 av den portuguisiske adelsmannen Brás Cubas.[5] I byen ligg eit kaffimuseum, på ein stad der ein tidlegare slo fast kaffiprisar på verdsbasis. Det finst også eit fotballminnesmerke til ære for dei største fotballspelarane frå byen som Pelé. Fotballklubben FC Santos spelar i den brasilianske toppdivisjonen, og vann seriemeisterskapen i 2004.
Den norske Sjømannskyrkja hadde kontor i byen på store delar av 1900-talet.[6]