Sajur
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sājūr (arabisk نهر الساجور) er ei 108 km lang elv som spring ut i Tyrkia og som munnar ut i Eufrat i Syria. Ho er den minste av dei tre elvane som munnar ut i Eufrat i Syria, og den einaste sideelva til Eufrat frå høgre. Det har budd folk kring Sajur sidan eldre steinalder.
- Denne artikkelen handlar om elva i Tyrkia og Syria. For kommunen i Israel, sjå Sajur i Israel.
Sājūr | |||
elv | |||
Land | Tyrkia, Syria | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 042 km² | ||
Byar | Gaziantep | ||
Lengd | 108 km | ||
Vassføring | |||
- middel | 4,1 m³/s | ||
- maks | 7 m³/s | ||
- min | 1,4 m³/s | ||
Munning | Eufrat | ||
- koordinatar | 36°39′35″N 38°04′14″E | ||
Sajur 36.65972222°N 38.07055556°E / 36.65972222; 38.07055556 | |||
Kart over den syrisk-tyrkiske delen av Eufrat med Sājūr (Sajour) til venstre
|
Sājūr er 108 km lang og 60 km av dette er i Tyrkia.[1] Ho har to kjeldeelvar som renn saman sør for Gaziantep. Frå der renn Sājūr søraustover til ho kryssar grensa til Syria. Elva renn så om lag austover til ho munnar ut i Eufrat på høgresida i området som i dag er reservoaret danna av Tishrindemninga.[2] I Syria skjer elva seg gjennom ein dal på Manbijsletta mellom 20 og 100 meter djup, og opp mot 500 meter brei.[3] Middelvassføringa er kring 4 kubikkmeter per sekund, men i februar og mars kan dette auke til 7 kubikkmeter per sekund.