Roger Hodgson
britisk songar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Charles Roger Pomfret Hodgson (fødd 21. mars 1950) er ein engelsk musikar, songar og låtskrivar, mest kjend som ein av dei tidlegare frontmennene og opphavlege medlemmane i progressive rockebandet Supertramp.[1][2][3] Hodgson skreiv og song mange av dei store hittane til bandet, som «Dreamer», «Give a Little Bit», «Take the Long Way Home», «The Logical Song», «It's Raining Again» og «Breakfast in America».
Roger Hodgson | |||
Hodgson i 2017 | |||
Fødd | 21. mars 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Portsmouth i Hampshire i England | ||
Fødenamn | Charles Roger Pomfret Hodgson | ||
Opphav | Oxford i England | ||
Aktiv | Sidan 1969 | ||
Sjanger | Progressiv rock, poprock, kunstrock | ||
Instrument | |||
Stemmetype | tenor, kontratenor | ||
Tilknytte artistar | Supertramp, Ringo Starr & His All-Starr Band, Argosy, Gym Class Heroes | ||
Plateselskap | A&M, Unichord/Voiceprint, Epic, Eagle Vision, Universal | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, songar |
Hodgson slutta i Supertramp i 1983 og flytta med familien sin bort frå musikkmiljøet i Los Angeles for å leve eit enklare liv nær naturen og vere heime med borna til dei hadde vokse opp.[4] Hodgson byrja å turnere att i 2001. Han skreiv ofte om andelege og filosofiske tema, og tekstane hans er blitt skildra som personlege og meiningsfulle.[5]