Ricin
kjemisk sambinding / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ricin er eit naturlig protein frå bønnene av oljeplanten kristpalme (Ricinus communis). Det kan vera i væske-, pulver- eller krystallform utan spesiell smak. Ricin er ei gift som blokkerer proteinsyntesen i cellene og forårsakar indre blødninger og øydelagde organ. Dersom ein får i seg gifta, kan ein utvikla symptom som kvalme, oppkast og blodig diaré. Ved døydelege dosar døyr offeret av organsvikt etter nokre dagar. Pustar ein gifta inn, kan ein døy fordi pusteevnaet blir lamma. Gifta kan påvisast på åstaden, men ikkje sporast i offeret.[treng kjelde]
Gifta er rekna som 1 000 ganger giftigare enn cyanid.[1][2] Ein dose reint ricinpulver på størrelse med nokre få saltkorn kan drepe eit vakse menneske.[3]
Ricin er billeg og enkelt å produsere, og er stabilt i aerosolform. Det finst inga behandling eller vaksine mot gifta. Det kan derfor brukast som masseøydeleggings- og terrorvåpen, anten ved direkte utsprøyting i lufta eller, mest effektivt, ved tilsetning til drikkevatn eller matvarer.[treng kjelde]