Rekonstruksjonstida
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rekonstruksjonstida i USA viser til tida etter den amerikanske borgarkrigen (1861-1865), både i tydinga av at store delar av landet måtte byggast opp att, og at Sørstatane måtte omformast frå slaveøkonomiar til statar der dei tidlegare slavane no var frie borgarar med borgarrettar. Såkalla radikale republikanarar ønska å skipa lovar, institusjonar og styresmakter som garanterte slike retter for alle amerikanarar, medan presidentane Abraham Lincoln og Andrew Johnson hella mot ei meir moderat linje for å prøva å stabilisera unionen att så raskt som mogleg.
I denne tida fekk den amerikanske grunnlova tre endringar, kjend som Reconstruction Amendments. Desse avskaffa slaveriet og tvinga arbeid,[1] gav alle likt vern frå loven[2] og la ned forbod mot diskriminering på grunn av rase, hudfarge eller tidlegare stand.[3] Kongressen vedtok også den første borgarrettsloven, Civil Rights Act of 1875, som forbaud diskriminering på offentleg transport, offentlege stader og i juryar.[4] Men etter rundt eit tiår med raske endringar slo konservative krefter tilbake mange av dei, og rekonstruksjonstida blir sagt å enda i 1877, då dei siste føderale troppane blei trekte ut av Sørstatane.