Redningsaksjonen i Tham Luang-grotta i 2018
From Wikipedia, the free encyclopedia
Redningsaksjonen i Tham Luang-grotta, i norske medium omtalt som grottedramaet i Thailand,[1][2][3] var ein omfattande redningsaksjon i Thailand i juni og juli 2018. Aksjonen gjekk ut på å henta ut 13 menneske, eit guttefotballag og trenaren deira, som var sperra inne i ei grotte i fjellet Doi Nang Non i Chiang Rai nord i Thailand. Fjellet ligg nær grensa til Myanmar.[4]
Hendinga tok til 23. juni 2018 då tolv gutar i alderen 11–16 år og den 25 år gamle fotballtrenaren deira gjekk inn i Tham Luang-grotta etter ei fotballtrening. Kort tid etter blei dei overraska av kraftig regn som fylte grotta med vatn. Dei 13 menneska blei innesperra og tvinga til å gå lengre og lengre inn i grottesystemet utan høve til å koma seg ut.[5][6]
Same kveld blei fotballaget meldt sakna, og ein fann raskt syklane deira utanfor grotteinngangen. Lokale redningsforsøk blei hindra av aukande vasstand i grotta og sterk straum i vatnet. Redningsaksjonen utvikla seg raskt til ein omfattande operasjon med stor medieinteresse verda over.[7][8] Først ni dagar seinare, 2. juli 2018, blei det innesperra fotballaget funne i live på ein forhøging 4 kilometer inne i grotta. Dei britiske dykkarane John Volanthen og Richard Stanton klarte å finna dei etter etter å ha dykka i det grumsete vatnet og teke seg forbi fleire tronge passasjar.[9] Sidan fekk dykkarar levert forsyningar med mat, drikke og oksygen til dei innesperra. Redningsleiinga diskuterte fleire alternativ for å evakuera gruppa: læra gutane grunnleggjande dykkerferdigheiter og la dei symja ut på eiga hand; finne eller bora ein ny grotteutgang; eller vente på at vasstanden sjølv gjekk ned etter slutten av regntida nokre månader seinare.[10] Det første alternativet blei vald, med ein tidsfrist på 11. juli då det var venta eit nytt, kraftig regnvêr.[11] Undervegs pumpa redningsmannskaper ut vatn frå grotta for å prøva å halda vasstanden nede. 6. juli kravde operasjonen eit dødsoffer, då 38 år gamle Saman Kunan, ein tidlegare marinedykkar, omkom av surstoffmangel. Han var på veg tilbake til grotteinngangen etter å ha levert oksygen til fotballaget, då han sjølv gjekk tom for oksygen.[12][13]
Mellom 8. og 10. juli blei dei tolv gutane og trenaren deira henta ut i puljar av eit internasjonalt lag av redningsfolk og dykkarar. Alle overlevde hendinga utan særlege fysiske skadar, og dei blei tekne til sjukehus for grundige undersøkingar og isolasjon mot eventuelle infeksjonssjukdomar. Redningsaksjonen omfatta over 10 000 menneske – blant anna 2 000 dykkarar frå heile verda, redningsarbeidarar og representantar frå rundt hundre statlege byrå i Thailand.[14] I tillegg deltok 900 politifolk, 2000 soldatar, ti politihelikopter og sju politiambulansar. Totalt blei det brukt over 700 oksygentankar, og det blei pumpa ut rundt 1 milliard liter vatn frå grottesystemet.[15]