RMS «Aquitania»
From Wikipedia, the free encyclopedia
RMS «Aquitania» var eit linjeskip som tilhøyrde Cunard Line og verka frå 1914 til 1950. Skipet blei utforma av Leonard Peskett og bygd av John Brown & Company i Clydebank i Skottland. Skipet overlevde to verdskrigar, der det blei brukt til militære føremål, og tente som passasjerskip i fredstid. Det var det tredje av ein «grand trio» raske linjeskip saman med RMS «Mauretania» og RMS «Lusitania», og var kjend som eit særs vakkert skip i samtida, med kallenamnet «Ship Beautiful».[3]
Kjappe fakta
RMS «Aquitania» | ||||
---|---|---|---|---|
The RMS Aquitania on her Maiden Voyage in 1914 in New York Harbor | ||||
Karriere |
||||
Type: | linjeskip, dampskip, Hospitalskip, passasjerskip | |||
Eigar: |
1914–1934: Cunard Line[1] | |||
Registreringshamn: | Liverpol i Storbritannia | |||
Rute: |
Southampton-New York (1914-1945) Southampton-Halifax (1945-1950) | |||
Bestilt: | 8. desember 1910[1] | |||
Byggherre: | John Brown & Company, Clydebank, Scotland[1] | |||
Verft: | John Brown & Company | |||
Verftsnummer: | 409[2] | |||
Byggjenummer: | 409 | |||
Sjøsett: | 21. april 1913[1] | |||
Døypt: | 21. april 1913 av Alice Stanley, hertuginne av Derby | |||
Jomfrutur: | 30. mai 1914[1] | |||
I teneste: | 1914 | |||
Ute av teneste: | 1950 | |||
Lagnad: | Skrapa i Faslane i Skottland i 1950.[1] | |||
Identifisering: | IMO-nummer: 1135583 | |||
Generelle eigenskapar | ||||
Djupgang: | 10,21 meter | |||
Fart: | 23 knop | |||
Mannskap: | 972[1] | |||
Close
Brukstida på 36 år var ein rekord for eit ekspresslinjeskip som først blei slått i 2004 då RMS «Queen Elizabeth 2» (som til saman tente i 40 år) fekk ei lengre brukstid.