Pimlico
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pimlico er ein liten stad innanfor City of Westminster i sentrale London.[1] Han ligg på nordbreidda av elva Themsen, sør for Victoria stasjon. Området ligg like ved Belgravia i nord, og er skilt frå dette ved Victoria-stasjonen. Pimlico er kjent for hagetorga sine og hus i regency-arkitektur. I kjernen av Pimlico er det eit nettverk av bustadgater som blei planlagde av Thomas Cubitt frå byrjinga av 1825. Tate Gallery ligg i Millbank, rett ved grensa til Pimlico.
Pimlico | |||
område | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Region | Stor-London | ||
Bydel | City of Westminster | ||
Pimlico 51.4887°N 0.1395°W / 51.4887; -0.1395 | |||
Wikimedia Commons: Pimlico | |||
Nokre kjende personar som har budd her er mellom anna politikaren Winston Churchill, designaren Laura Ashley, filosofen Swami Vivekananda, skodespelaren Laurence Olivier, illustratøren og forfattaren Aubrey Beardsley, den fyrste kenyanske presidenten Jomo Kenyatta og piloten Sheila Scott.