Orre gamle kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Orre gamle kyrkje er ei kyrkje på Orre i Klepp kommune på Jæren. Den eldste delen av kyrkja skal vera bygd kring midt på 1200-talet. Kyrkja ligg ikkje langt frå havet, og Orrestranda ved Nordsjøen. Truleg stod sjøen høgare i mellomalderen, slik at båtar kunne leggja til heilt innmed kyrkja. Orre gamle kyrkje var soknekyrkje for Orre sokn fram til 1950, då Orre kyrkje på Pollestad (Orre sentrum) vart bygd.
Kjappe fakta Kyrkjesamfunn, Bispedøme ...
Orre gamle kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Gunleiv Hadland | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Jæren | ||
Sokn | Orre | ||
Fellesråd | Klepp | ||
Periode | gotikk | ||
Døypefont | frå kring 1200, i kleberstein | ||
Sitjeplassar | 250 | ||
Orre gamle kyrkje 58.73138889°N 5.52833333°E / 58.73138889; 5.52833333 | |||
Wikimedia Commons: Orre gamle kirke | |||
Close
Det pågår for tida (i 2009) restaurering av kyrkja, og ho er difor stengd.[1]