Orangeordenen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Orangeordenen, kjend som the Loyal Orange Institution, er ein konservativ britisk unionistorganisasjon og eit protestantisk brorskap som finst i fleire land, men er klårt sterkast i Nord-Irland. Dåverande generalsekretær for Grand Orange Lodge of Irland, Drew Nelson, oppgav medlemstalet i Irland (der og medlemene i dei relativt få Orangelosjane i Republikken Irland er medrekna) til kring 34000 i 2012, eit fall frå 35 758 i 2006, og eit dramatisk fall frå topp-punktet på 1960-talet då det var meir enn 90000 medlemer.[1] I realiteten kan dette medlemstalet visa seg å vera klårt lågare. I ein konsulentrapport frå 2013 vert talet på medlemer sett til 34650 i Orangeordenen og den ubundne Orangeordenen til saman. Dei hadde til saman 1155 losjar med gjennomsnittleg medlemstal på 30 personar.[2]
Organisasjonen vart skipa i 1795 i grevskapet Armagh i det som no er Nord-Irland, som eit svar på at irske republikanarar hadde skipa United Irishmen i 1791.[3]. Republikanarane ville sameina protestantar, katolikkar og dissentarar (som der og då tydde andre protestantar enn anglikanarane - og i sterkast grad tydde presbyterianarar) under fellesnamnet irar, og som ville lausriva Irland frå britisk kontroll. Orangeordenen sette seg sterkt imot slike idear heilt frå starten av. I dag står ordenen sterkast i Nord-Irland og i delar av Skottland, men det finst og avdelingar (losjar) av Orangeordenen i Republikken Irland og i nokre andre land. Losjane i kvart land utgjer ein storlosje, til dømes ein storlosje for Irland, og ein for Skottland.
Den mest kjende aktiviteten Orangeordenen driv med er markeringane av kong William III (King Billy) sin siger over den katolske James ved Boyne-slaget 12. juli 1690. Desse markeringane skjer ved marsjar Orangeordenen organiserer - det er flest av desse på høgsumaren - i det som vert kalla marsj-sesongen. Det er slike paradar svært mange stader i Nord-Irland, fleire stader i Skottland, eit par stader i Republikken Irland (av desse er marsjen i Rossnowlagh (grevskapet Donegal) mest kjend. Det er og Orangemarsjar andre atader der det finst unionistiske og protestantisk orienterte britar, t.d. i Nord-Amerika, i Australia og i feriedestinasjonar som i Benidorm (Spania).[4]