Olm
amfibieart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Olm (Proteus anguinus) er ein blind og fargelaus salamander i familien hòlepadder. Han lever i innsjøar og elvar i underjordiske hòler langs kysten av Adriahavet, frå nordaust i Italia til Montenegro, og vert 20–30 centimeter lang.[1] Ein vaksen olm lever i snitt 68,5 år og vert kjønnsmogen ved ein alder på 15,6 år. Det er venta at olmar har ei lengste levetid på over 100 år.[2]
Olm | |
Olm | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av olm | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Amfibium Amphibia |
Overorden: | Batrachia |
Orden: | Salamandrar Caudata |
Underorden: | Salamandroidea |
Familie: | Hòlepadder Proteidae |
Slekt: | Proteus |
Art: | Olm P. anguinus |
Vitskapleg namn | |
Proteus anguinus Laurenti, 1768 |
Olmen slo seg ned i hòler i Europa for kring 20 millionar år sidan og er den einaste kjende europeiske arten av ryggradsdyr som har tilpassa seg eit liv i hòler.[2]