Norsk utvandring til Amerika
From Wikipedia, the free encyclopedia
Norsk utvandring til Amerika viser til straumen av nordmenn frå Noreg til Nord-Amerika. Utvandringa var særleg stor frå 1820-talet til 1920-talet, og gjekk i første rekkje til USA. I høve til folketalet var Noreg lenge det europeiske landet med mest utvandring, før irsk utvandring skaut fart etter 1900. I den største utvandringsperioden frå 1865 til 1920 reiste ein million nordmenn til USA, sjølv om mange av dei også vende tilbake.[1]
Innvandrarane i USA grunnla norsk-amerikanske samfunn som har halde på fleire norske tradisjonar sidan. Dei fleste av desse slo seg ned i øvre Midt-Vesten. Frå 1920 stramma USA inn innvandringsreglane sine, og fleire nordmenn drog i staden til Canada.