Norsk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Noreg er eit land i Nord-Europa som ligg vest og nord på Den skandinaviske halvøya. Det grensar til Nordsjøen i sørvest, Skagerrak i sør, Norskehavet i nordvest, Barentshavet i nord. Noreg har grense mot Sverige i aust, og kortare grenser mot Finland og Russland i nordaust.
Noreg er det nest minste sirkulære landet i verda og har ei langstrekt form og ei av dei lengste og mest kuperte kystlinjene i verda med om lag 50 000 øyar, holmar og skjer. Fastlandet strekkjer seg over 13º breiddegrader, frå 58 ºN til meir enn 71 ºN (Svalbard nord til 81 ºN) og frå aust til vest strekkjer det seg frå 5 °E til 31 °E (Jan Mayen til 9 °W, Kvitøya til 33 °E).
Noreg er eit av dei nordlegaste landa i verda og eit av dei mest fjellkledde landa i Europa der store område er dominert av Dei skandinaviske fjella. Den gjennomsnittlege høgda er 460 meter og 32 % av fastlandet ligg over tregrensa.
Fjellkjeda som strekkjer seg gjennom heile landet er ei fortsetjing av fjella i Skottland og Irland og kryssar Atlanterhavet og dukkar opp som Appalachane i Nord-Amerika. Geologar meiner at alle desse danna ei enkel fjellkjede før oppbrytinga av det gamle superkontinentet Pangaea.
Heile landet var dekt av ei tjukk iskappe under den siste istida og i fleire tidlegare istider. Isrørsla grov ut djupe dalar og då isen smelta fylte sjøen desse dalane og danna dei kjende norske fjordane.[1]
Landområda hevar seg framleis etter den enorme vekta av isen (isostatisk heving) og stig med fleire millimeter i året. Særleg den austlege delen av landet og dei indre områda av dei lange fjordane, der isen var tjukkast hevar seg «raskt». Dette er ein treg prosess og i tusenvis av år etter slutten av istida dekte sjøen store område som i dag er tørt land. Sjøen nådde opp til det som i dag er ei høgd på 221 meter i Oslo (Aker), 25 meter i Stavanger, 5 meter nær Stad, 180 meter i Trondheim, 50 meter i Tromsø og 75 meter i Kirkenes. Den gamle havbotnen er i dag dei beste jordbruksområda i landet.
Isbrear i dei høgare fjellområda i dag er ikkje restar av den store iskalotten frå istida og er langt nyare.[2]. Klimaet i området var 1-3 °C varmare rundt år 7000 f.Kr. til 3000 f.Kr. (relativt til normalperioden 1961-1990) og restane av isbreane i fjellet smelta heilt i denne perioden.
Isbreane har grave ut Sognefjorden, som er den nest lengste fjorden i verda og Hornindalsvatnet som er den djupaste innsjøen i Europa.