Norovirus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Noro-virus er ei slekt av RNA-virus i familien Caliciviridae. Viruset står bak omtrent 50 % av alle epidemiske gastroenteritlidingar (mage-tarmkatarr, magesmerter og oppkasting) i verda.[1] Det er den viktigaste gruppa med virus som er assosiert med denne tilstanden. Det tek 12-48 timar frå ein vert smitta til ein vert sjuk.
Norovirus | |
Bilete av noro-virus gjennom elektronmikroskop | |
Systematikk | |
Rike: | Orthornavirae |
Rekkje: | Pisuviricota |
Klasse: | Pisoniviricetes |
Orden: | Picornavirales |
Familie: | Caliciviridae |
Slekt: | Norovirus |
Viruset er smittsamt, og sjukdomen kjem difor ofte i små utbrot, særleg på institusjonar og oftast om vinteren. Ein vert smitta ved at ein kjem i kontakt med mat eller vatn som inneheld viruset. Denne maten/vatnet har då vorte handsama av ein person som har hatt smitten, eller vore skylt med kontaminert vatn. Viruset er òg luftbore, og kan overførast ved til dømes hoste. Ein sjuk person er smittefarlig så lenge han eller ho har symptom på sjukdomen. Størst er smittefaren etter 2-3 dagar med symptom.[treng kjelde]