No Prayer for the Dying
From Wikipedia, the free encyclopedia
No Prayer for the Dying er det åttande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Albumet markerer den første endringa i besetninga til bandet sidan 1982. Gitaristen Adrian Smith slutta under førproduksjonfasen då han var misnøgd med den musikalske retninga bandet tok.[2] Etter å berre ha bidrege med ein enkel song, «Hooks in You»,[3] vart Smith erstatta av Janick Gers. Gers hadde tidlegare arbeidd med songaren Bruce Dickinson på det første soloalbumet hans, Tattooed Millionaire,[4] i tillegg til å ha arbeidd med Ian Gillan,[5] den tidlegare Marillion-songaren Fish,[5] og new wave of British heavy metal-bandet White Spirit.[6]
No Prayer for the Dying Studioalbum av Iron Maiden | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. oktober 1990 | |
Innspelt | Juni - september 1990 i Barnyard Studios i Essex i England | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 43:42[1] | |
Selskap | EMI Epic (US) | |
Produsent | Martin Birch | |
Iron Maiden-kronologi | ||
---|---|---|
Seventh Son of a Seventh Son (1988) |
No Prayer for the Dying | Fear of the Dark (1992) |
Singlar frå No Prayer for the Dying | ||
|
Sjølv om albumet generelt fekk middels til dårleg kritikk, nådde det andreplassen på UK Albums Chart og inneheld den einaste singelen deira som nådde toppen av UK Singles Chart, «Bring Your Daughter... to the Slaughter».