Moaørn
utdøydd art av haukefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Moaørn[1] (Hieraaetus moorei) er ein utdøydd ørneart som levde på Sørøya på New Zealand. Ho var den største rovfuglen som har levd i historisk tid. Med ei estimert vekt på 10-18 kilogram var ho monaleg større enn den nest største og framleis eksisterande harpyørn (Harpia harpyja) på 9 kg.[2] Den enorme storleiken er forklart som ein evolusjonær respons på storleiken på byttet, vengelause moafuglar, der den største arten på Sørøya kunne vege 230 kg. Moaørna vart utdøydd rundt år 1400, etter framkomsten av maoriane, som utrydda moafuglane.[3]
Moaørn | |
Moaørn | |
Status | |
Status i verda: Utdøydd | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Slekt: | †Harpagornis |
Art: | †Moaørn H. moorei |
Vitskapleg namn | |
Harpagornis moorei Haast, 1872 |
Maoriane kalla fuglen Te Pouakai eller Te Hokioi, med det andre namnet føretrekt og sannsynlegvis ein fonetisk ekvivalent til ropet frå fuglen: «Hokioi-Hokioi». Ei gammal maori helleristing viser ein mann med to veldig store, daude fuglar. Medan den eine sannsynlegvis skildrar ein albatross, blir den andre rekna å vere avbilding av ei moaørn.