Mazandaran
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mazandaran (persisk استان مازندران, Ostān-e Māzandarān/Ostâne Mâzandarân) er ein av 31 provinsar i Iran, langs sørkysten av Kaspihavet og like ved Alborzfjella sentralt i det nordlege Iran.[7] Med klokka grensar han til Golestan, Semnan, Teheran, Alborz, Qazvin og Gilan. Sari er den største byen og hovudbyen i provinsen.
Māzandarān | |||
استان مازندران | |||
Provins | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Region | Region 1[1] | ||
Fylke | 22 | ||
Hovudstad | Sari | ||
Areal | 23 833 km² [2] | ||
Folketal | 3 073 943 (2011)[3] | ||
Folketettleik | 129 / km² | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
- Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
Språk | mazandarani[4], persisk[4], gilaki[5][6] | ||
Mazandaran 36.5656°N 53.0588°E / 36.5656; 53.0588 | |||
Wikimedia Commons: Mazandaran Province | |||
Mazandaran er ein av dei tettast folkesette provinsane i Iran[8] og har forskjellige naturressursar, særleg store olje- og naturgassreservoar.[9] Dei fire største fylka i provinsen er Sari, Babol, Amol og Qaemshahr.[10] Provinsen vart grunnlagd i 1937 og han vart erklært den andre moderne provinsen etter naboprovinsen Gilan.
Naturen er variert med sletter, præriar, skogar og regnskogar[11] som strekkjer seg frå sandstrendene ved Kaspihavet til dei kuperte og snødekte Elburz,[12] inkludert Damavand, eit av dei høgaste fjella og vulkanane i Asia.[13]
Mazandaran er ein stor produsent av oppdrettsfisk,[14] og akvakultur er eit viktig økonomisk bidrag til det tradisjonelle jordbruket.[15] Ei anna viktig næring er turistindustrien og folk frå heile Iran kjem og vitjar dette området.[16] Mazandaran er òg eit blømande senter for bioteknologi[9] og ingeniørvitskap.
Det har budd menneske i området i minst 75 000 år.[17][18] Nyare utgravingar i Goher Tippe synte at området har vore urbanisert i meir enn 5000 år og området vert i dag rekna som ein av dei viktigaste historiske stadane i Iran.[19] Han har spelt ei viktig rolle i kulturell og urban utvikling i regionen.[20]
Innfødde folk i regionen omfattar dei etniske mazanderanarane[21] som snakkar eit iransk språk som liknar med på gilaki og sangiseri.