Mayon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mayon er ein aktiv stratovulkan i provinsen Albay på øya Luzon på Filippinane. Vulkanen er kjend for den «perfekte kjegleforma» si og ligg 15 km nordvest for Legazpi City. Dei lokale segnene omtalar vulkanen som Bulkang Magayon etter den segnomsuste heltinna Daragang Magayon.[2] Den 13. oktober 2008 vart han innlemma på Topp 100-lista Dei sju nye naturlege underverka.
Kjappe fakta Område, Fjelltype ...
Mayon | |||
fjell | |||
Mayon sett frå Lingñon i Daraga i Albay i desember 2006 | |||
Område | Albay på Filippinane | ||
---|---|---|---|
Fjelltype | Stratovulkan | ||
Høgd | 2 463 moh moh. | ||
Primærfaktor | 2 447 m m | ||
Siste utbrot | Desember 2009.[1] | ||
Koordinatar | 13°15′24″N 123°41′6″E | ||
Mayon 13.256666666667°N 123.685°E / 13.256666666667; 123.685 | |||
Wikimedia Commons: Mayon | |||
Lukk
20. desember 2009 heva det filippinske vulkaninstituttet farestatusen til nivå 4 då lavastraumen på sørsida av vulkanen auka og svoveldioksidutsleppet auka til 750 tonn om dagen. I tillegg vart det registret nesten 460 jordskjelv dagleg. Innbyggjarane i dei nærliggande områda, om lag 45 000 menneske, vart evakuerte av dei filippinske styresmaktene.[3]