Maurice Jarre
From Wikipedia, the free encyclopedia
Maurice-Alexis Jarre (13. september 1924–28. mars 2009)[1][2][3] var ein fransk komponist og dirigent, «ein av gigantane i filmmusikken på 1900-talet»[4] som var «blant dei mest ettersøkte komponistane i filmindustrien» og «ein skapar av subtil bakgrunnsmusikk og store, dramatiske tema, ikkje berre for vanlege orkester... men eksperimenterte òg med elektroniske lydar seinare i karrieren sin.»[5]
Maurice Jarre | |||
| |||
Fødd | 13. september 1924(1924-09-13) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lyon i Frankrike | ||
Død | 28. mars 2009 (84 år) | ||
Dødsstad | Malibu i California i USA | ||
Fødenamn | Maurice-Alexis Jarre | ||
Opphav | Frankrike | ||
Aktiv | 1958–2001 | ||
Verka som | Komponist, dirigent | ||
Gift med | France Pejot, Dany Saval, Laura Devon | ||
Born | Jean Michel Jarre, Stéfanie Jarre | ||
Prisar | Oscar for beste originalmusikk, Oscar for beste originalmusikk, Golden Globe Award for Best Original Score, Grammy Award for Best Score Soundtrack for Visual Media, Oscar for beste originalmusikk, Æres-César, Golden Globe Award for Best Original Score, BAFTA Award for beste filmmusikk, Golden Globe Award for Best Original Score, BAFTA Award for beste filmmusikk, Golden Globe Award for Best Original Score, European Film Academy Achievement in World Cinema Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, kommandør av Den nasjonale fortjenstorden, offiser av Æreslegionen |
Sjølv om han komponerte fleire konsertverk, er Jarre mest kjend for filmmusikken sin, særleg for samarbeidet med filmregissøren David Lean. Jarre komponerte musikk til alle filmane til Lean frå Lawrence of Arabia (1962) og framover. Kjend musikk for andre regissørar er mellom anna The Train (1964), Mohammad, Messenger of God (1976), Lion of the Desert (1981), Witness (1985) og Ghost (1990).
Jarre fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.[6] Tre av komposisjonane hans låg totalt 42 veker på den britisne singellista. Den største hitten var «Somewhere My Love» (til melodien hans «Lara's Theme», med tekst av Paul Francis Webster) av the Mike Sammes Singers, som nådde 14. plassen i 1966 og låg 38 veker på lista.
Jarre vart nominert til ni Oscarprisar, og vann tre prisar for beste musikk med Lawrence of Arabia (1962), Doctor Zhivago (1965) og A Passage to India (1984), alle regisserte av David Lean. Han vann òg fire Golden Globe, to BAFTA Awards og ein Grammy Award.
Maurice Jarre døydde i 2009 etter å ha slite med kreft.[7]