Maria Teresia av Austerrike
From Wikipedia, the free encyclopedia
Maria Theresia Walburga Amalia Christina (fødd 13. mai 1717 i Wien, død 29. november 1780 same stad) var den einaste kvinnelege herskaren av Habsburgmonarkiet og den siste av huset Habsburg. Ho var statsoverhovud for Austerrike, Ungarn, Kroatia, Böhmen, Transylvania, Mantova, Milano, Parma, Galicia og Lodomeria og Dei austerrikske Nederlanda. Gjennom ekteskapet med keisar Frans I Stefan var ho også hertuginne av Lorraine, storhertuginne av Toscana og keisarinne av Det tysk-romerske riket.[1] Sidan ho var den andre personen kalla Maria til å herska over dei Austerrikske Nederlanda (etter Maria av Burgund) og Ungarn (etter Maria av Anjou), blir ho av og til også kalla Maria II Theresa.[2]
Maria Teresia var dotter av Karl VI av Det tysk-romerske riket, som ikkje hadde søner. Gjennom Den pragmatiske sanksjonen av 1713 bana han vegen for at dottera kunne arva trona, sjølv om kvinner ikkje hadde slik arverett gjennom Den saliske lova.[3] Då Karl VI døydde i 1740 gjekk fleire statar tilbake på avtalen, og Den austerrikske arvefølgjekrigen braut ut. Krigen varte i oppimot åtte år og førte til at Maria Teresia tapte Schlesien til Fredrik II av Preussen, som blei ein erkefiende. Ho prøvde seinare å ta territoriet attende i Sjuårskrigen, utan å lukkast. Bortsett frå tapet av Schlesien og nokre mindre italienske territorium klarte likevel Maria Teresia å overta det meste av riket.
Maria Teresia regjerte i 40 år, og hadde mykje folkeleg sympati. Det blei forventa at ho ville overlata styret til ektemannen og seinare sonen sin, men ho regjerte i staden som absolutt monark med støtte frå rådgjevarar.[4] Både ektemannen Frans Stefan og sonen Josef var offisielt medregentar i Austerrike og Bøhmen,[5] og særleg samarbeidet med Josef kunne vera vanskeleg.
Som monark gjennomførte Maria Teresia viktige reformer og styrkte økonomien og den internasjonale stillinga til riket. Ho interesserte seg for skulevesenet og organiserte ein folkeskule som blei eit forbilde i Europa. Adelen blei skattlagd, og ikkje-adelege fekk tilgang til roller i administrasjonen. Ho lovfesta også kor mykje arbeid ein godseigar kunne krevja av dei liveigne bøndene, men våga ikkje å oppheva ordninga med liveigenskap. Heksebrenning og avhøyr med tortur blei avskaffa. På den andre sida peika ho seg ut som lite religiøst tolerant i høve til jødar og protestantar, særleg tidleg i styret sitt.[6]
I ekteskapet med Frans Stefan fekk Maria Teresia 16 barn; 10 av dei levde til vaksen alder. Dei hadde 11 døtrer, blant dei den seinare franske dronninga Maria Antonia (Marie Antoinette), Maria Karolina som blei dronning og regent av Napoli og Sicilia og Maria Amalia, som blei erkehertuginne av Parma. Av ei fem sønene blei to av dei, Josef og Leopold, tysk-romerske keisarar.