Maia Sandu
From Wikipedia, the free encyclopedia
Maia Sandu (fødd 24. mai 1972 i Risipeni i Fălești) er ein moldovsk samfunnsøkonom og politikar som frå 24. desember 2020 er president i Moldova. Ho var statsminister i landet frå juni til november 2019.
Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Maia Sandu | |||
| |||
Fødd | 24. mai 1972 (51 år) Risipeni | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Moldova, Romania, Sovjetunionen | ||
Yrke | samfunnsøkonom, politikar | ||
Utdanna ved | Moldovas akademi for økonomiske studier Academy of Public Administration of Moldova Harvard Kennedy School | ||
Alle verv |
|
Close
Sandu var minister i utdanningsdepartementet frå 2012 til 2015 og medlem av det moldovske parlamentet frå 2014 til 2015 og i 2019.[1][2][3] Ho har vore leiar for Handlings- og solidaritetspartiet (rumensk Partidul Acțiune și Solidaritate, PAS) sidan 2016.[4][5]
Sandu vann presidentvalet i november 2020 over rivalen Igor Dodon, med 57 % av røystene.[6][7] Ho vart innsett i presidentembetet 24. desember 2020.[8]
Sandu har vore tilsett i Verdsbanken, og er rekna som positiv til orienteringa av Moldova mot EU.[7]