Lufttorpedo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein lufttorpedo er eit marinevåpen, ein torpedo, som eit luftfartøy - eit fly eller helikopter - slepp i vatnet, før våpenet driv seg sjølv framover mot målet.[1] Det vart først nytta i første verdskrigen, og mykje under andre verdskrigen. Våpenet er framleis i avgrensa bruk. Lufttorpedoar er generelt mindre og lettare enn torpedoar avfyrte frå ubåtar eller frå land.
Historisk vart «lufttorpedo» nytta om flygebomber og pilotlause droner nytta som våpen, som i dag vert kalla kryssarrakettar.[2][3] I dag vert omgrepet hovudsakleg nytta om vassborne torpedoar sleppte frå lufta.