Louis-Joseph de Montcalm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Louis-Joseph de Montcalm-Gozon, Marquis de Saint-Veran (28. februar 1712–14. september 1759) var kommandant for dei franske styrkane i Nord-Amerika under sjuårskrigen eller den franske og indianske krigen, som krigsskodeplassen i Nord-Amerika vart kalla.
Louis-Joseph de Montcalm | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 28. februar 1712 Nîmes |
Død |
14. september 1759 (47 år) |
Yrke | militær |
Språk | fransk |
Far | Louis de Montcalm |
Mor | Marie Louise de Lauris |
Louis-Joseph de Montcalm på Commons |
Montcalm vart fødd nær Nîmes i Frankrike i ein adelsfamilie og gjekk tidleg inn i militæret. Han var i teneste under den polske arvefølgjekrigen og den austerrikske arvefølgjekrigen, der han utmerkte seg og vart forfremma til brigadesjef. I 1756 sendte kong Ludcig XV han til Ny-Frankrike og leia forsvaret mot britane under sjuårskrigen. Montcalm oppnådde ein del suksess i 1756 og 1757, men britane mobiliserte store troppar mot Ny-Frankrike i 1758-1759, og det enda med at Montcalm vart slått og mista livet i Quebec og at franskmennene i 1760 mista Ny-Frankrike.
Montcalm var ein kontroversiell person og avgjerslene hans ved Quebec har vorte kritiserte av militærhistorikarar. Han vart mykje minna i Frankrike, Quebec og delar av New York.