Lod
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lod (hebraisk skrift לוֹד; arabisk الْلُدّ, al-Ludd; gresk-latinsk: Lydda, Diospolis, gammalgresk: Λύδδα / Διόσπολις - Zevsbyen) er ein blanda jødisk-arabisk by 15 km søraust for Tel Aviv i Sentral-Israel i Israel. Mot slutten av 2012 hadde han eit folketal på 71 060.[1]
Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Lod | |||
לֹד, לוֹד, الْلُدّ, al-Ludd | |||
by | |||
Sentrum av Lod | |||
|
|||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 31°56′54.59″N 34°53′20.4″E | ||
Areal | 12,23 km² | ||
Folketal | 71 060 (2012)[1] | ||
Folketettleik | 5 810 / km² | ||
Lod 31.95°N 34.9°E / 31.95; 34.9 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Lod | |||
Lukk
Namnet kjem frå den bibelske byen Lod.[2] Etter den israelske erobringa av al-Ludd i 1948, vart dei fleste arabiske innbyggjarane kasta ut.[3] Byen vart busett på ny av jødiske emigrantar, dei fleste av dei flyktningar frå arabiske land,[4][5] i tillegg til dei 1 056 arabarane som vart verande att.[4]
Den største internasjonale flyplassen i Israel, Ben Gurion internasjonale lufthamn (tidlegare kalla Lydda lufthamn, RAF Lydda og Lod lufthamn) ligg i utkanten av byen.