Lillehammer stavkyrkje
tidlegare stavkyrkje i Lillehammer / From Wikipedia, the free encyclopedia
Lillehammer stavkyrkje var ei stavkyrkje som stod om lag der dagens Lillehammer kyrkje står, frå mellomalderen til 1733, då ho vart avløyst av ei lafta krosskyrkje.
Soknet er nemnt i 1359[1] og 1464[2] i samband med makeskifte, og i 1410 er det omtala som Aal.[3] Kyrkjegarden («lithlæ Hamars kirkiu garde») er omtala i 1390.[4] Kyrkja var anneks til Fåberg og er omtala som «Lille Hammers Annexa» i Povel Huitfeldts stiftsbok (1577).[5] Kyrkjestaden var (og er) på gnr. 60 (Lillehammer), der to ferdslesvegar — kongevegen forbi Hamar og vegen frå fergestaden — møttest. Det var marknadsplass like ved.[6]
Nokon utførleg skildring av stavkyrkja let seg vanskeleg oppdrive. Ifølgje rekneskapar frå 1623 vart kyrkja då bjelkehogd, noko som tyder på at delar av kyrkja då var i lafteverk. Halvtak og svaltak er omtala i 1691 og 1692, men skildringane er ikkje tilstrekkeleg detaljerte til å avgjere kor mykje som stod att av stavverk på den tida.[7] Elles finst det ei rekkje andre omtalar av reparasjonar i løpet av 1600-talet: I 1619 vart det innreidd pulpitur, i 1620 var det reparasjonar på vindauge, karm og skruv, i 1623 fekk kyrkja nytt tårn (moglegvis takryttar) med klokke og vindfløy, i 1624 vart koret sett i stand, og det vart tekt med spon i 1627. Altartavla og preikestolen vart måla i 1624 osb.[8] Ei sval i bindingsverk skal vere omtala i 1661, og i 1665 vart det konstatert behov for tjærebreiing og nye spon, og kyrkja vanta døypefont og dåpsfat. Det trer fram eit bilete av generelt forfall, men eit nytt tømra sakristi vart oppført ca. 1680. I 1690-åra vart det gjennomført ein hovudreparasjon, og kyrkja fekk ny altartavle i 1695.[9]
I 1723 vart kyrkjene i prestegjeldet selde til fem bønder som handla på vegne av allmugen,[10] og ikkje lenge etter fekk både hovudsoknet og Lillehammer nye kyrkjer i form av lafta krossskyrkjer. Kyrkja på Lillehammer vart oppført nær det nordaustre hjørnet på kyrkjegarden og innvigd 9. januar 1733,[11] og stavkyrkja vart riven.