Lidar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lidar eller LIDAR (Light Detection And Ranging) er ein optisk fjernmålingsteknikk som blir brukt til hurtig måling av posisjonen til fysiske objekt. Ved målingar av tidsskilnaden mellom eit emittert lasersignal og eit reflektert lys kan avstanden til og andre eigenskapar ved objekt blir berekna.
Ofte nyttar ein laser til å måle avstand eller fart. Ved slike målingar er det gjerne tidsskilnaden mellom ein utsend laserpuls og det reflekterte ljoset som blir nytta. Denne teknikken liknar teknikken som blir nytta av ein radar, og einskilde gonger vert LIDAR feilaktig kalla ein laser-radar. Lasermålaren som norsk politi brukar til fartskontroll er ein LIDAR.
Ein LIDAR kan konstruerast som ein 3D-skannar. Til vitskaplege føremål blir LIDAR blant anna brukt til å måle aerosolar, skyer eller gassar som til dømes ozon i atmosfæren. LIDAR er òg vorte teke i bruk til identifisering, vurdering, kartlegging og overvaking av farar for naturkatastrofe, og til tredimensjonal scanning av tunnelar for å gjere dei sikrare og betre dokumentert.
LIDAR er nyttig ikkje berre fordi teknologien kan kartleggje nøyaktige posisjonar over store område, men òg fordi teknologien er rask. Ein moderne LIDAR kan registrere opptil meir enn 1 million posisjonar per sekund. Det ville ta fleire år å samle inn tilsvarande data ved hjelp av tradisjonelle landmålingsteknikkar. LIDAR blir difor teke meir og meir i bruk blant anna til kartlegging av infrastruktur for å støtte oppgåver som vedlikehald, modellering og visualisering.[1]
LIDAR-data kan samlast inn frå luftborne eller landbaserte farkostar, frå fastmonterte målarar på eit stativ, eller frå offshore-installasjonar. Laserskannarar kan i prinsippet brukast til å dokumentere objekta til alle slag i tre dimensjonar, til dømes er den rasutsette fjellsida Åkneset i Møre og Romsdal vorte skanna for å kartleggje rørsler og sprekkutvikling.