Lauvgrashopper og sirissar
underorden av insekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Lauvgrashopper og sirissar (Ensifera) er ei delgruppe av dei «grashoppeliknande insekta» i gruppa Orthopteroida. Den andre delgruppa er grashopper (Califera), og saman dannar desse to ordenen rettvengene (Orthoptera). Dei næraste slektningane til rettvengene, pinnedyra (Phasmatodea), er ein eigen orden. Flesteparten av dei 15 000 kjende artane høyrer heime i tropane, men nokre artar er ganske hardføre. Det er funne elleve artar i Noreg; det nordlegaste funnet på friland er frå Nord-Fron i Gudbrandsdalen.
Lauvgrashopper og sirissar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Underklasse: | Flygande insekt Pterygota |
Infraklasse: | Neoptera |
Orden: | Rettvenger Orthoptera |
Underorden: | Lauvgrashopper og sirissar Ensifera |