Labyrint
From Wikipedia, the free encyclopedia
Labyrint (frå gresk labyrinthos, latin labyrinthus) er eit system av kompliserte gangar som kan danna eit forvirrande nettverk med kompliserte passasjar og tunnelar der det er lett å gå seg bort. Ein labyrint kan vera ein oppbygd konstruksjon med veggar eller hekkar på sidene, eller lagt ut på ei golvflate som eit mønster.[1]
Labyrinten er eit eldgammalt universelt motiv. Grunnstrukturen er ein gang der krummingar og dreiingar gjer det umogleg å sjå slutten og utgangen. Enden av gangen er som regel plassert midt i labyrinten, slik at gangen buktar seg rundt denne. Labyrinten er ein stad å finna veg, og ein stad å fara vill. Han byr på utfordringar i det uvisse. Dei eldste labyrintane har éin veg og er organiske i form, medan seinare typar er utbygga med blindvegar, og kan vera kanta eller avrunda.
Gjennom tidene er labyrinten generelt blitt nytta som motiv for og symbol i musikk, litteratur, biletkunst, film og teater, og han blir nytta i arkitekturen, religionen, filosofien og psykologien.
På norsk finst det berre eitt ord for labyrint, men på engelsk skil ein mellom labyrinth, som berre har éin einaste gang, og maze som er eit virvar av samanlenka gangar.