Kvernes stavkyrkje
stavkyrkje i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvernes stavkyrkje er ei stavkyrkje i Averøy kommune på Nordmøre. Kyrkja er av møretypen med mellomstavar i ytterveggene og tverrgåande bjelkar. Karakteristisk for denne kyrkja og Rødven stavkyrkje er dei utvendige skordene. Kyrkja vart truleg bygd på siste halvdel av 1300-talet. Kyrkja vart omfattande ombygd mellom anna med lafta kor i 1633.
Kjappe fakta Type, Teknikk ...
Kvernes stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Type | langkyrkje | ||
---|---|---|---|
Teknikk | stavverk | ||
Material | tre | ||
Takryttar | ja | ||
Diverse | Eigd av Fortidsminneforeninga. | ||
Kvernes stavkyrkje 63.0053°N 7.72194°E / 63.0053; 7.72194 | |||
Wikimedia Commons: Kvernes stave church | |||
Close
I samband med ombygginga i 1633 vart inngangen flytta frå vestsida av kyrkjeskipet til sørsida. I 1776 vart kyrkja igjen ombygd og endå ei gong i 1810 med ein takryttar.
I 1894 vart kyrkja seld og kjøpt av ei gruppe menneske som seinare gav heile kyrkja til Fortidsminneforeningen.