Averøy kommune
kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Averøy er ein kommune på nordsmørskysten i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i vest til Kristiansund og i sør til Gjemnes og Eide. Averøy kommune ligg på Averøya, den største øya i kommunen, som er skilt frå fastlandet og nabokommunane ved Bremsnesfjorden, Kvernesfjorden og Kornstadfjorden. Averøy femner også fleire mindre øyar og holmar nordvest for hovudøya.
- «Averøy» omdirigerer hit. For øya kommunen har namn etter, sjå Averøya.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Averøy kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Bruhagen | ||
Areal | 175,68 km² | ||
- land | 172,89 km² | ||
- vatn | 2,79 km² | ||
Folketal | 5 955 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Ingrid Ovidie Rangønes (Ap) | ||
Kommunenr. | 1554 | ||
Averøy kommune 62.997222222222°N 7.5552777777778°E / 62.997222222222; 7.5552777777778 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Averøy | |||
Nettstad: www.averoy.kommune.no | |||
Lukk
Averøy kommune vart oppretta i 1964 etter samanslåing av den tidlegare kommunen Kvernes, og delane av dei tidlegare kommunane Bremsnes og Kornstad som låg på Averøya, i tillegg til dei mindre øyane på kysten utanfor. Ei mindre grensejustering var i 1983, då Eldhusøya på Atlanterhavsvegen vart overført frå Eide til Averøy.