Kut
From Wikipedia, the free encyclopedia
Al-Kūt (arabisk الكوت, òg skrive Kut al-Imara eller Kut El Amara; kurdisk Kût; tyrkisk Kut'ül Ammare eller Kut) er ein by aust i Irak, på venstrebreidda av Tigris, kring 160 km søraust for Bagdad. I 2003 var folketalet estimert å vere kring 374 000 innbyggjarar.[1] Han er hovudstad i guvernementet som lenge heitte Al Kut, men som sidan 1960-åra har hatt namnet Wasit.
Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Kut | |||
الكوت | |||
by | |||
Moské i Al Kut (2003) | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Wasit | ||
Høgd | 23 moh. | ||
Koordinatar | 32°30′20″N 45°49′29″E | ||
Folketal | 374 000 | ||
Kut 32.514722222222°N 45.818888888889°E / 32.514722222222; 45.818888888889 | |||
Wikimedia Commons: Al Kut | |||
Lukk
Gamlebyen i Kut ligg i ein skarp U-sving i elva, slik at det nesten er ei øy. I fleire hundreår var Kut eit regionssenter for teppehandel. Området kring Kut vert nytta til korndyrking.
Kutdammen vart bygt i byen i 1930-åra for å gje vatn til det kringliggande området.