Kukawa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kukawa er ein by og eit Local Government Area i Nigeria, i den nordaustlege staten Borno. Han ligg i nærleiken av Tsjadsjøen.
Kukawa | |||
Land | Nigeria | ||
---|---|---|---|
Stat | Borno | ||
Areal | 4 842 km² | ||
Folketal | 203 343 (21. mars 2006)[1] | ||
Kukawa 12.924722222222°N 13.566111111111°E / 12.924722222222; 13.566111111111 | |||
Wikimedia Commons: Kukawa | |||
Byen blei grunnlagd i 1814 som hovudstad for Kanem-Bornu-riket av den muslimske lærde og krigsherren Muhammad al-Amin al-Kanemi etter at den føre hovudstaden, Ngazargamu, fall.[2] Byen hadde stor strategisk tyding som ein av dei sørlege endestadane for den transsahariske handelsruta til Tripoli.[3]
I 1851 vitja den tyske utforskaren Heinrich Barth byen. Han hadde kome frå Tripoli for å forsøka å opna handel med Europa og utforska Afrika.[2] I 1892 vitja den franske utforskaren Parfait-Louis Monteil byen, på fransk og britiske oppdrag om å utforska grensene mellom ulike område i Vest-Afrika.[4] Byen blei hærteken og rasert i 1893 av den sudanske krigsherrene Rabih az-Zubayr, og deretter av britiske styrkar i 1902.
Historisk var byen mykje større enn i dag. Seint på 1800-talet rekna britane med at han hadde 50 000-60 000 innbyggjarar. I dag omfattar Kukawa Local Government Area byane Cross Kauwa og Baga. Området er eit av seksten Local Government Area som utgjer Borno-emiratet, ein tradisjonell stat i Borno.[5]
I 2015 blei mange innbyggjarar i området fordrivne til Maiduguri gjennom massakren i Baga utført av islamistiske opprørarar.[6] 30. juni og 1. juli 2015 utførte Boko Haram ein ny massakre i Kukawa og drap 97 menneske.[7]
I august 2020 blei hundrevis av innbyggjarar i Kukawa tekne til fange og haldne som gislar av Islamic State West Africa Province (ISWAP). To millionar menneske i Borno er blitt fordrivne frå heimane sine dei siste ti åra; mange bur i dårlege tilhøve i Maiduguri.[8]