Krysantemum
planteslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Krysantemum (vitskapleg namn Chrysanthemum, frå gresk khrysos, 'gull', og anthemon, 'blom') er ei planteslekt av fleirårige blomar med rundt 30 artar som er utbreidde som hage- og prydvekstar. Staudane har ein oprett vekst, djupt innskårne blad og store blomsterhovud med kvite, gule eller rosa randkroner og gule skivekroner. Det finst krysantemum i Europa, Asia og Nord-Amerika, men tyngdepunktet er i Aust-Asia. Her har dei også ei viktig kulturell stilling.
Krysantemum | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Asteroideae |
Stamme: | Anthemideae |
Slekt: | Krysantemum Chrysanthemum L., 1753 |
Fleire delar av veksten blir brukt i asiatisk matlaging, særleg blomane, som blir brukt til å laga krysantemumte og som smaksetjar i andre tetypar og i den koreanske risvinen gukhwaju. Stilkane kan kokast eller dampast og brukast som grønsaker, og blir særleg nytta i kinesisk mat.
I Japan er blomen knytt til keisaren, og ein finn krysantemum i tittelen og våpenskjoldet hans, og som offisielt japansk symbol i fleire andre samanhengar. I Kina var han ein av «dei fire edle» (saman med bambus, orkidé og plommeblom). Kvit krysantemum er her knytt til sorg, noko ein også finn i Japan og fleire europeiske land, der han er knytt til død berre nytta i gravferder og til å pynta graver.