Grønsak
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei grønsak er ein plantedel som blir brukt til mat, hovudsakleg for å metta og ofte etter å ha blitt varma. Når ei plante avlar grønsaker, omtalar vi gjerne også heile planta som «grønsak». Ordet grønsak viser til ulike matvarer som vi bruker på same måte. Dermed kan det variere litt kva slag planter ein reknar som grønsaker. Oversikta nedanfor viser kva for planter og plantedelar som oftast blir omtala som grønsaker, og korleis desse kan grupperast innan botanikken.