Kross
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kross (bokmål kors, frå norrønt kross, avleidd frå latin crux via gammalirsk cros) er ein figur der to linjer kryssar einannan, vanlegvis i rett vinkel.[1] Krossforma vert særleg nytta som matematisk symbol og som symbol på kristendomen og den kristne kyrkja.[2] Andre tydingar er mellom anna dei fire elementa, himmelretningane eller sameininga av det guddommelege i den loddrette linja og verda i den vassrette.[3]