Koagulasjon
sekvensiell prosess der samverkande koagulasjonsfaktorar i blodet fører til danning av uløyselege fibrinproppar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Koagulasjon eller levring er prosessen der blod endrar seg frå flytande tilstand til gel. Det kan potensielt føre til hemostase — opphøyret av blodstraum frå øydelagde blodårer — etterfølgt av reparasjon. Koagulasjonsmekanismen omfattar aktivering, adhesjon og aggregering av blodplater, med avsetnad og modning av fibrin. Koagulasjonssjukdommar er sjukdommar som kan føre til bløding (hemoragi eller kontusjon) eller obstruktiv levring (trombose).[1]
Koagulasjon er godt konservert på tvers av biologien; i alle pattedyr omfattar koagulasjonen både ein cellekomponent (blodplate) og ein proteinkomponent (koagulasjonsfaktor).[2] Systemet hjå menneske er det systemet som er mest forska på og best forstått.[3]
Koagulasjon byrjar nesten umiddelbart etter at skade i blodårene har øydelagd den endotele hinna som fôrer innsida av åra. Når rommet under endotelet vert eksponert for blod så set det i gang to prosessar: endringar i blodplatene, og eksponeringa av subendotelial vevsfaktor til faktor VII, som fører til formasjonen av fibrin. Blodplater former ein plugg i skadeområdet; dette vert kalla primær hemostase. Sekundær hemostase byrjar samstundes: ytterlegare koagulasjonsfaktorar eller levringsfaktorar utover faktor VII svarar i ein kompleks kaskade for å danne trådar av fibrin som styrker blodplate-pluggen.[4]