Knokkelframspring
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit knokkelframspring (òg kalla apofyse og processus) er eit utskot eller ei utvekst av cellevev frå ein større lekam.[1][2] I ryggvirvlar kan framspringa verke som eit festepunkt for musklar, slik som processus transversus og processus spinosus vertebrae gjer. Dei kan òg verke som eit synovialledd der andre ryggvirvlar får festepunkt, slik som zygapofysar gjer.[3]