Kattugle
fugleart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kattugle (Strix aluco) er ei mellomstor ugle som lever i skogområde over det tempererte Europa austover til vestlege Sibir. I Noreg lever ho i låglandet frå Austlandet rundt kysten nord til og med områda rundt Trondheimsfjorden. Dette er ei tjukkfallen, middels stor ugle, undersida er bleik med mørke striper, og overkroppen kan vere anten spetta brun eller grå. Vengene er breie og hovudet stort. Hos fleire underartar kan individa vere av begge fargevariantar, i Noreg varierande mellom raudbrun og gulgrå.[1] Kattugla byggjer vanlegvis reiret i eit holt tre som gjev effektivt vern mot potensielle åtakarar. Ho er ein standfugl og svært territorial. Om ungfuglar forlèt foreldrereiret, og dei ikkje finn eit ledig territorium, kan dei ofte svelte.
Kattugle | |
Ei kattugle av grå fargevariant Foto: Martin Mecnarowski | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av kattugle | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Ugler Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae |
Slekt: | Strix |
Art: | Kattugle S. aluco |
Vitskapleg namn | |
Strix aluco |
Kattugla er ein nattaktiv rovfugl. Ho er i stand til å jakte med suksess om natta på grunn av syns- og høyrselstilpassingane og evna ho har til å flyge lydlaust. Ho jaktar vanlegvis ved å sleppe seg snøgt ned frå ei grein og gripe byttet som ho svelgjer heilt. Ho jaktar hovudsakleg på smågnagarar, sjølv om dietten i urbaniserte område inkluderer større innslag av fuglar. Ho fangar nokre gonger mindre ugler, og blir sjølv nokre gonger jakta av hubro og hønsehauk.
Sjølv om mange menneske går ut frå at kattugla har eksepsjonelt nattsyn, er høyrselsevna viktigare for jaktsuksessen: øyra er asymmetrisk plasserte, noko som gjer ho i stand til å kjenne den presise retninga mot lydkjelda.
Kattugla har ein plass i folklore. Ettersom ho er aktiv om natta og mange menneske opplever songen som skremmande, har folk tradisjonelt knytt ho til varsel om død. Mange trur at alle ugleartar lagar ein tutelyd, men det er ei overgeneralisering basert på songen til akkurat denne arten.