Karl Jansky
amerikansk astronom, fysikar og ingeniør / From Wikipedia, the free encyclopedia
Karl Guthe Jansky (22. oktober 1905–14. februar 1950) var ein amerikansk fysikar og radioingeniør som i august 1931 oppdaga dei første radiobølgjene frå Mjølkevegen. Han vert rekna som ein av grunnleggjarane av radioastronomien.[1]
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Karl Guthe Jansky | |||
| |||
Fødd | 22. oktober 1905(1905-10-22) Territory of Oklahoma i USA | ||
---|---|---|---|
Død | 14. februar 1950 (44 år) Red Bank i New Jersey, USA | ||
Nasjonalitet | USA-amerikansk | ||
Område | Fysikk Radioastronomi | ||
Yrke | astronom, fysikar, oppfinnar, astrofysikar | ||
Institusjonar | Bell Labs | ||
Alma mater | University of Wisconsin–Madison | ||
Kjend for | Radioastronomi |
Lukk
Jansky arbeidde ved Bell Telephone Laboratories frå 1928. I sitt arbeid med å identifisere signal som forstyrra radiomottakinga på korte bølgjelengder (ca. 15 m), oppdaga han i 1931 at stjernebildet Pila var kjelde for radiostøy. Denne noko uventa oppdaginga førte til utviklinga av radioastronomien.