Jakob Fellman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jacob eller Jakob (òg Jaakko) Fellman (fødd 25. mars 1795 i Rovaniemi, daud 8. mars 1875 i Lappajärvi) var ein finlandsk prest og naturforskar. Han var far til Isak Fellman.
Kjappe fakta
Jakob Fellman | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 1795 Rovaniemi |
Død |
1875 (80 år) |
Yrke | prest, historikar, botanikar |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Born | Isak Fellman, August Fellman, Gustaf Esaias Fellman |
Lukk
Fellman var sokneprest først i Utsjoki 1819–32 og deretter i Lappajärvi. Han preika og skreiv på samisk og var den første som i skrift nytta kemisamisk, det samiske språket som vart prata i den sørlege delen av finsk Lappland. Han hadde stor vitskapleg interesse for Lappland, noko framfor alt verket hans Anteckningar under min vistelse i Lappmarken (4 delar, Helsingfors 1906) vitnar om. Fellman skreiv om den samiske mytologien og utgav ei ordbok i 1829, etter at han vitja byarna Kuolajärvi og Sompio.