Prest
person bemyndiga til å foreta religiøse handlingar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein prest er ein person som har ansvaret for eller leier religiøse seremoniar eller kulthandlingar. Ordet kjem frå gresk presbyter, som tyder «dei eldste». Kvinnelege prestar vert i nokre høve kalla prestinner.
Sjølv om ordet opphavleg skildrar kristne leiarar, blir det no òg brukt om personar som utfører seremonielle handlingar i andre religionar.