Iransk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Geografisk ligg Iran i Vest-Asia og grensar til Kaspihavet, Persiabukta og Omanbukta. Fjella i landet har vore med å forme den politiske og økonomiske historia i landet i fleire hundreår. Fjella ligg kring fleire vide nedslagsfelt med store jordbruksområde og byar. Fram til 1900-talet, då store jernbanar og vegar vart lagt gjennom fjella mellom byane, var desse dalføra relativt isolerte frå kvarandre.
Iransk geografi | ||
Kart over Iran | ||
Plassering | ||
---|---|---|
Land | Iran | |
Koordinatar | 32°N 53°E | |
Totale landegrenser | 5 894 km | |
Grenseland | Afghanistan (921 km), Armenia (44 km), Aserbajdsjan (432 km), Aserbajdsjan (Nakhitsjevan) (179 km), Irak (1599 km), Pakistan(959 km), Tyrkia (534 km), Turkmenistan (1 148 km) | |
Geografi | ||
Areal - totalt: - land: - vatn: |
1 648 195 km² 1 531 595 km² 116 600 km² | |
Kystlinje | 2 440 km | |
Høgder - høgaste punkt: - lågaste punkt: |
Damavand 5 610 moh Kaspihavet -28 moh | |
Lengste elv | Karun | |
Største innsjø | Urmiasjøen | |
Arealbruk | ||
Dyrkbar mark | 10,87 % | |
Permanente avlingar | 1,19 %
| |
Anna | 87,93 % (2012 est.) | |
Irrigert land | 87 000 km2 (2009) | |
Naturressursar | ||
Petroleum, naturgass, kol, krom, kopar, jernmalm, bly, mangan, sink, svovel | ||
Naturfarar | ||
periodisk tørke, flaum, sandstorm, jordskjelv langs vestgrensa og i nordaust. | ||
Miljøproblem | ||
Luftforureining, særskild i urbane område frå køyretøy, raffineri og industri; avskoging, ørkenspreiing, oljeforureining i Persiabukta, tap av våtmarksområde til tørke; jordverdimink (salinering); utilstrekkeleg tilførsel av drikkevatn i somme område, vassforureining frå rå kloakk og industriavfall; urbanisering. |
Typisk har ein stor by dominert kvart dalføre, og det var eit komplekst økonomisk forhold mellom byen og dei hundrevis av landsbyane kring byen. I dei høgareliggande fjellområda praktiserte stammeorganiserte grupper transhumans, og flytta med sauer og geiter mellom tradisjonelt etablerte sommar- og vinterbeite. Det finst ingen store elvesystem i landet og historisk føregjekk samferdsla med karavanar som følgde ruter som kryssa tronge dalar og fjellpass. Fjella hindra òg lett tilgang til Persiabukta og Kaspihavet.
Med eit areal på 1 648 000 km², er Iran det 18. største landet i verda. Iran deler den nordlege grensa si mot tre tidlegare statar i Sovjetunionen: Armenia, Aserbajdsjan og Turkmenistan. Desse grensene strekkjer seg over meir enn 2 000 km, inkludert 650 km med kystlinje mot sørkysten av Kaspihavet. I vest grensar landet til Tyrkia i nord og Irak i sør og endar ved Arvand Rud.
Kystlinja mot Persiabukta og Omanbukta strekkjer seg over 1 770 km i sør. I aust ligg Afghanistan i nord og Pakistan lengst sør. Den diagonale avstanden frå Aserbajdsjan i nordvest til Sistan og Balutsjistan i søraust er kring 2 333 km.