Framande artar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Framande artar er artar, underartar eller lågare takson som opptrer utanfor sitt naturlege utbreiingsområde eller spreidingspotensiale; omgrepet omfattar alle livsstadium som har potensiale til å overleve og formeire seg. Dersom dei skader økosystemet blir dei kalla ein invasiv art.
Omgrepet har avløyst omgrepet introdusert art, sidan ordet introdusert indikerer ein aktiv handling, medan ordet framand ikkje seier noko om korleis arten er spreidd.
Framande artar kan særleg ha store konsekvensar for økosystem på øyar som tidlegare har vore isolerte.