Homs
From Wikipedia, the free encyclopedia
Homs (arabisk حمص, Ḥimṣ), tidlegare kalla Emesa (gresk Ἔμεσα, Emesa),[2] er ein by vest i Syria og senteret i Homs guvernement. Han ligg 501 meter over havet og 162 km nord for Damaskus.[3] Han ligg ved elva Orontes og langs den sentrale hovudvegen mellom dei indre byane og middelhavskysten.
Homs | |||
حمص, Ḥimṣ | |||
by | |||
Kallenamn: Ibn al-Walid-byen | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Homs guvernement | ||
Distrikt | Homs-distriktet | ||
Nahiyah | Homs | ||
Høgd | 501 moh. | ||
Koordinatar | 34°43′51″N 36°42′34″E | ||
Areal | 48 km² | ||
- by | 76 km² | ||
- storbyområde | 104 km² | ||
Folketal | 652 609 (2004[1]) | ||
- storby | 750 501 | ||
Grunnlagd | 2000 fvt. | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Retningsnummer | 031 | ||
Homs 34.733333333333°N 36.716666666667°E / 34.733333333333; 36.716666666667 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Homs | |||
Homs er eit stort industrisenter med eit folketal på kring 650 000 menneske i 2004,[4] og er med det den tredje største byen i Syria etter Aleppo i nord og hovudstaden Damaskus i sør. Innbyggjarane i byen syner det generelle religiøse mangfaldet i Syria og består hovudsakleg av arabisktalande sunnimuslimar og alawittar og kristne minoritetar. Det ligg fleire historiske moskéar og kyrkjer i byen, og han ligg nær borga Krak des Chevaliers, som er ein verdsarvstad.
Homs dukka først opp i dei skriftlege kjeldene i det første hundreåret fvt. under selevkidane. Han vart seinare hovudstad i eit kongedøme styrt av Emesa-dynastiet som gav namn til byen. Opphavleg var han eit senter for dyrking av solguden El-Gabal, og vart seinare viktig i kristendom under austromarane. Homs vart erobra av muslimane på 600-talet og vart hovudstad i eit distrikt som hadde det noverande namnet på byen. Gjennom den islamske tida kjempa mange av dynasti som ønskte kontroll over Syria om Homs, på grunn av den strategiske plasseringa i området. Homs byrja å bli mindre viktig under osmanarane og først på 1800-talet vart byen igjen økonomisk viktig då bomullsindustrien blømde. Under Det franske mandat-styret vart byen eit opprørssenter og etter sjølvstende i 1946, eit senter for motstanden mot baathistane til dei første syriske regjeringane.
I den pågåande syriske borgarkrigen har Homs vore ein skanse for opposisjonen og syriske styresmakter gjekk til åtak på byen i mai 2011. Den 14. januar hadde regjeringsstyrkane kontroll over Homs, utanom gamlebyen, som framleis vart kontrollert av opprørarane. Frå 2012 har syriske styresmakter hatt kontrollen over heile byen. Kampane har øydelagd delar av byen.[5]