Hekataios av Milet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hekataios av Miletos (fødd ca 550 f.Kr., død ca. 476 f.Kr.), namngjeve etter den greske gudinna Hekate, var ein tidleg gresk historikar frå ein rik familie.[1] Verketida hans var samstundes med persarkrigane. Etter å ha reist omfattande busette han seg i heimbyen Miletos (Milet), der han fekk ein høgtståande posisjon og byrja skriva geografiske og historiske verk.
Hekataios av Milet | |
Statsborgarskap | Milet |
Fødd | ca. 550 f.Kr. Milet |
Død |
ca. 476 f.Kr. |
Yrke | geograf, historikar, skribent, mytograf |
Språk | gamalgresk |
Hekataios av Milet på Commons |
Då Aristagoras, leiaren av Miletos, heldt råd i byen med dei leiande jonarane for å organisera eit opprør mot persisk styre, freista Hekataios forgjeves å rå landsmennene sine frå dette.[2] I 494 f.Kr., då dei overvunne jonarane blei nøydde til forhandla om vilkår, var Hekataios ein av sendemennene til den persiske satrapen Artafernes, som han klarte å overtala til gjeninnføra forfatninga for dei joniske byane.[3] Hekataios blir òg kalla for logograf, det vil seia at han er den første kjende greske historikaren, ein forgjengar for Herodot.[4] Han var ein av dei første klassiske forfattarane som nemnde folket keltoi, keltarar. Han dannar overgangen til den eigentlege historieskrivinga ved at han freista å skilja mellom legender og røyndom.