Hebei
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hebei er ein provins nord i Folkerepublikken Kina. Provinsen har ei flatevidd på 187 700 km² og eit folketal på 67,44 millionar. Provinsen grensar til Liaoning i nordaust, Indre Mongolia i nord, Shanxi i vest, Henan i sør og Shandong i søraust. Hebei omkrinsar fullstendig dei to byprovinsane Beijing og Tianjin. Shijiazhuang er hovudstad i provinsen.
- For distriktet Hebei i Tianjin, sjå Hebei i Tianjin.
Meir informasjon Hebei 河北, Uttale ...
Hebei 河北 | |
---|---|
Uttale | |
Den kinesiske muren ved Jinshanling i Hebei | |
Plassering | |
Kart over Kina. Hebei er merka i raudt. | |
Styresmakter | |
Land | Folkerepublikken Kina |
Hovudstad | Shijiazhuang |
Leiar | Xu Qin, Wang Zhengpu |
Geografi | |
Flatevidd | 202 700 km² |
Innbyggjarar - Totalt (2010[1]) - folketettleik |
71 854 210 354,5 /km² |
Tidssone | UTC+8 |
Annan informasjon | |
Nettstad: http://www.hebei.gov.cn |
Lukk
Namnet Hebei (kinesisk skrift 河北; pinyin Héběi) tyder «nord for elva»[2] og viser til Huangelva, Huáng Hé.[3] Fram til 1928 heitte provinsen Zhílì, då han låg direkte under keisarhoffet.