Hauksongar
art av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Hauksongar (Curruca nisoria) er ein medlem av songarfamilien, Sylviidae. Fram til år 2020 var han klassifisert i slekta Sylvia, etter det i Curruca. Han har eit vidt hekkeområde i Aust-Europa og vestlege Asia i habitat med buskar og spreidde tre, og han overvintrar i eit avgrensa område i Aust-Afrika. I ein periode på ca. 40 år var hauksongar ein sjeldan hekkefugl i Noreg.
Hauksongar | |
Hauksongar | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Kritisk truga ██ Hekkeområde ██ Passering under trekk ██ Overvintring | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Sylvioidea |
Familie: | Songarfamilien Sylviidae |
Slekt: | Curruca |
Art: | Hauksongar C. nisoria |
Vitskapleg namn | |
Curruca nisoria |
Han er relativt stor og kraftig med eit karakteristisk gult auge og arttypisk haukelignende tverrband på undersida, som òg har gjeve det norske artsnamnet. IUCN kategoriserer arten som livskraftig, men han er trua i visse perifere område, slik som i dei nordiske landa.