Gustave Flaubert
fransk skribent / From Wikipedia, the free encyclopedia
Gustave Flaubert[lower-alpha 1] (12. desember 1821–8. mai 1880) var ein fransk forfattar frå Normandie. Flaubert debuterte og fekk det litterære gjennombrotet sitt med romanen Madame Bovary. Flaubert er ein av dei fremste representantane for den franske realismen, samstundes som han hadde eine foten i romantikken. Flaubert var eit førebilete for naturalismen og gjennom sin finslipte skrivestil for fleire seinare forfattarar. I samtida blei han sjølv og nokre av verka hans sett på som umoralske.
Kjappe fakta
Gustave Flaubert | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 12. desember 1821 Rouen |
Død |
8. mai 1880 (58 år) |
Yrke | romanforfattar, skribent |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Far | Achille Cléophas Flaubert |
Gustave Flaubert på Commons |
Lukk