Gamle Aker kyrkje
kyrkje i Oslo / From Wikipedia, the free encyclopedia
Gamle Aker kyrkje er den eldste ståande bygningen i det noverande Oslo. Ho har adresse Akersbakken 26 og ligg på høgda mellom Akersbakken, Telthusbakken og nordre enden av Akersveien, i den nordre delen av Oslo sentrum. I dag er kyrkja samlingsstad for Gamle Aker kyrkjelyd (skipa i 1861). Soknet høyrer til Oslo domprosti.
Gamle Aker kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Oslo domprosti | ||
Sokn | Sentrum og St. Hanshaugen | ||
Fellesråd | Oslo | ||
Lengd | Skip: lengde 28,4m, breidde 17m, kor: lengde 7,6m, breidde 8,7m m | ||
Periode | Romansk | ||
Arkitekt | Restaurering ved Wilhelm von Hanno og Heinrich Ernst Schirmer i 1861 | ||
Teknikk | Steinkyrkje | ||
Material | Kalkstein | ||
Innvigd | 1100-talet | ||
- Endringar | 1861, indre restaurering 1950–55 | ||
Tårn | Sentraltårn påbygd i 1860-åra | ||
Skip | Tre skip; midtskip og to sideskip | ||
Kyrkjegard | Det er kyrkjegard ved kyrkja | ||
Preikestol | I tre, laga av Thomas Blix i 1715 | ||
Døypefont | I tre, laga av Thomas Blix i 1715 | ||
Altartavle | Altarbord. Glasmåleri bak er av Thorvald Moseid frå 1950, motiv Den Sigrande Kristus[1] | ||
Sitjeplassar | 350 | ||
Gamle Aker kyrkje 59.92369°N 10.74703°E / 59.92369; 10.74703 | |||
Wikimedia Commons: Gamle Aker kirke | |||
Kyrkja har form som ein treskipa basilika. Kunsthistorikar Lorentz Dietrichson meinte at denne kyrkja og dei to kyrkjene Ringsaker kyrkje i Hedmark og Nikolaikyrkja på Gran i Oppland opphavleg har vore likt utforma, og plasserer desse tre kyrkjene i ei gruppe av dei tre eldste kyrkjene i Noreg med basilikaform.[2]
Gamle Aker kyrkje var ei av valkyrkjene i Noreg under valet av representantar til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, det vil seie at kyrkja gjorde teneste som vallokale.