Fuglen kea
art av papegøyefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kea, Nestor notabilis, er ein stor papegøyeart av nyzealandske papegøyar funnen i skog og alpine område av Sørøya på New Zealand. Kea er verdas einaste alpine papegøye. Som altetande har han diett hovudsakleg sett saman av røter, blad, bær, nektar og insekt, men inkluderer òg kadaver.[1] Tidlegare var det jakt på kea med skotpremie på grunn av at det innanfor jordbruksstrøk var otte for åtak på husdyr, spesielt på sau.[2] Først frå 1986 fekk arten fullt vern.[3]
Kea | |
Vaksen kea i Fiordland på New Zealand Foto: Mark Whatmough | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sterkt truga Utbreiinga av kea | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Overfamilie: | Strigopoidea |
Familie: | Nestoridae |
Slekt: | Nestor |
Art: | Kea N. notabilis |
Vitskapleg namn | |
Nestor notabilis Gould, 1856 |
Keaer hekkar i hòler eller sprekker blant trerøter. Dei er kjente for å vere nysgjerrige og intelligente, avgjerande evner for å overleve i eit barskt alpint miljø. Keaer kan løyse logiske oppgåver, slik som å skyve og dra ting i ei bestemt rekkjefølgd for å kome fram til mat, og vil samarbeide for å oppnå eit bestemt mål.[4]